Liverpool Teambuilding

Publisert: 09.03.11

Ansattbidrag: Kristin Samdal

Liverpool er ein perfekt by for shopping, sightseeing og pubbesøk. For Omega-gjengen som drog over Nordsjøen fyrste helga i mars var det likevel storoppgjeret mellom Liverpool og Manchester United i Premier League som var hovudmålet.

Dei færraste av oss likar å starta laurdagen før klokka fem om morgonen, skal ein til Liverpool på helgetur, ja då må ein tidleg opp. Det var ein trøytt men optimistisk flokk som samla seg i køen til KLM på Sola. Via Amsterdam flaug me til John Lennon Airport, og etter litt bagasjeforvirring gjekk turen inn til Thistle Atlantic Tower Hotel.

Ein runde på Anfield

liverpool1-g6.jpg

Omega-gjengen fekk oppleva Anfield stadium før den store kampen.

Hotellet låg perfekt plassert i sentrum av byen, like ved elva Mersey. Etter god lunsj på hotellet blei dei fleste med for å sjå Anfield Road, Liverpool FC sin berømte stadion. Sitjande på den kjende tribuna The Kop gav entusiastiske og patriotiske guidar oss eit lite innblikk i historien til fotballklubben. Dei ihuga supportarane blant oss sang med på You’ll never walk alone, mens dei av oss med sympatier for andre lag sneik oss bort utan å fornærma nokon. Det blei tid til ein visitt på museet, som blant anna viser fram ein del av trofea som klubben kan skilta med. Onde tunger vil ha det til at få av desse trofea er av nyare dato.

Ettermiddagen var utan fellesprogram, men mange nytta høvet til sightseeing med buss, geleida av ei entusiastisk og dyktig Liverpool-dame som viste oss litt av det Liverpool har å by på, og krydra det heile med gode historiar. Me samlast til hyggeleg middag utpå kvelden, og mange avslutta kvelden på pub.

Den store kampen

liverpool1-g6.jpg

Spenninga stig like før det brakar laust.

Kampdagen kom med høge forventningar og ein viss nervøsitet rundt billettspørsmålet; kor skal me sitja? Med bortelaget? Med heimelaget? Mykje skjedde i kulissane, men me hamna saman med Manchester United sine supportarar, og for mange blei utfordringa å tøyla sine Liverpool-sympatier då Suarez dribla bortelaget ut av banen og Kuyt sette i gong å scora. Han gav seg ikkje før hattricket var i boks. Stemninga steig stadig på stadion. Chicharito gav Manchester United eit trøystemål på tampen, men det var ikkje nok til å blidgjera resignerte bortesupportarar. Heimesupportarane visste å setja pris på den fortente sigeren, og den rungande songen frå eit lukkeleg Anfield-publikum gjorde inntrykk på oss alle.

Eit møte med stjernene

Tida var komen for å fordøya inntrykk, slappa av, handla og rusla litt. Fleire nytta høvet til å ta seg ein tur på Beatlesmuseet. Siste kveld før avreise blei litt spesiell for dei av oss som tok middagen på San Carlos restaurant. Der var det høg stemning, god italiensk mat og underhaldande kelnarar. Plutseleg dukka Liverpoolspelarane Raul Meireles, Sotirios Kyrgiakos og Daniel Pacheco opp, rusla litt rundt, skreiv autografar og blei fotograferte.

Det var ein glad gjeng som reiste heim til Noreg. Det blei ein flott fotballtur til Liverpool, med kjekke og positive deltakarar. Til og med Manchester United-supportarane syntest det hadde vore ein fin tur, og det seier vel sitt…

Fotoalbum